Om oss

skann0004

B.Friedrich

Solvorn Laft og bygg vart grunnlagd i november 2007 av Tømrarmeistar Beat Friedrich.
Bedrifta har hatt kontinuerleg utvikling der kompetanse vert prioritert over kvantitet. Alle våre ansatte har fagbrev eller er under utdanning.
Me har sentral-godkjenning, er sertifisert for installasjon av Isofiber, har våtromskurs (planleggjing og utføring) og er i kontinuerleg kontakt med interesseorganisasjonar som t.d Bygg og bevar, Fortidsminneforeninga, Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane osv.

Me er stolte og bevisste over å vere ein del av eit handverkarfag med lange tradisjonar, der læring og utvikling aldri sluttar. Derfor vert våre ansatte stadig vekk sende på kurs og seminar for å  vidareutdanne seg og å få fagleg utvikling.
I periodar med stor pågang tek me gjerne inn “Framandskrevne tømrarsvennar”, dvs. unge utlærde handverkarar som etter avslutta læretid tek ut på ei reise der dei arbeidar på forskjellege stader. Dette for å bli kjende med andre arbeidsteknikkar – så vel som folk og kultur.
Fleire i Solvorn Laft og bygg har vidareutdanna seg på denne måten og har opparbeidd seg brei internasjonal erfaring innanfor faget. Yrkesstoltheit står høgt i desse kretsar, noko som gjenspeglar seg i vår bedriftskultur.